Driftsmeldingar

Driftsmeldingar

15. september 2019

Vår stasjon på Slettafjell er for tida straumlaus. Hardanger Energi opplyser at ein feil på linja vart retta i dag søndag 15. september, men at det er fleire feil på linja. Dei opplyser at dei fortset med feilsøking/feilretting måndag 16. september.

Kundar som er knytt til stasjonen (nokre i Eidfjord, Bu, Vallavik og Osa) er utan internett til straumen kjem attende på Slettafjell.

Me beklagar ulemper dette medfører for våre kundar.